Friday, April 28, 2006
Saturday, April 22, 2006
Moderne skjore-reir!
Her om dagen fekk me oss ei overrasking. Marit observerte nokre merkelege metalliske lydar rett utanfor vindauget til datarommet. Det var to skjorer som ivrig bygde seg reir i klatrerosa vår!
Ingen av oss vart særleg begeistra for dette innpåslitne byggjeprosjektet (Dei hadde jo ikkje ein gong søkt om kommunalt byggjeløyve, må vite!!), så eg tok stigen fatt, fast bestemt på å riva vekk heile greia. Det var då augnebryna mine for opp imot hårluggen; for dei ivrige byggmeistrane hadde funne seg rustfritt, solid byggjemateriale frå epletrea til naboen!! Eit par hundre lettmetall-strenger, som bøndene brukar til å tvinga greinene ned i ein bestemt posisjon, hadde dei på finurleg vis samla ihop og festa på sirleg vis innimellom kvasse tornar og greiner! Norges mest solide skjorereir, spør du meg!

Kresne småfuglar?
Vi har registrert at småfuglane i vinter nesten berre har meska seg med meisebollar og solsikkefrø, som vi har fora dei rikeleg med denne lange og kalde vinteren, medan kokosnøtta og delfiafeittet nesten ikkje har blitt rørt. Så avslutta vi foringssesongen. Det var berre feitt og kokos att i treet. Men DÅ har dei små med stor appetitt gått laus på nettopp desse to tinga! Variasjon i kosthaldet ser altså ikkje ut til å vera viktig. Kan vi få det beste, forsyner vi oss berre av det!!
Sunday, April 16, 2006
Hyttetur
Marit og jeg har nettopp hatt fire fine døgn på hytta vår på Vivelid. Det har vært utrolig lite snø på Vestlandet denne vinteren, men det var likevel nok til å gå på ski. Denne gangen bar vi påskeprovianten m.m. på ryggen fra Garen. Det tok oss fem timer før vi kunne sette nøkkelen i hyttedøra. Det var mye vilt i fjellet; vi så masse spor av rev og hare, og en kveld så vi trolig ca. 100 ryper som ble skremt opp av en snø-schooter. Vi så også spor av elg og røyskatt.
Det vi lærte av denne turen er at været skifter utrolig fort i fjellet. Vi tok ikke med oss niste da vi en av dagene trodde vi skulle ta en liten formiddagstur i dårlig vær. (Og værmeldinga var jo også dårlig!) Men det skinte opp og ble ganske nydelig vær. Da måtte vi snu fordi vi begynte å bli sultne, men vi hadde jo egentlig lyst til å gå lenger!
Det blir forresten alltid bedre vær på Vivelid enn hjemme, i hvert fall når vindretningen er fra sydvest.
Så vi er blitt litt påskebrune, det har vært noe sol hver dag.
Ellers merkes det at tregrensa stadig kryper oppover, og det blir etter hvert mer skog på Hardangervidda. Helt opp til 1400 m.o.h. kan man finne bjørk på lune plasser. Det skyldes jo mildere vintre og mindre av beitedyr i fjellet.