Moderne skjore-reir!
Her om dagen fekk me oss ei overrasking. Marit observerte nokre merkelege metalliske lydar rett utanfor vindauget til datarommet. Det var to skjorer som ivrig bygde seg reir i klatrerosa vår!
Ingen av oss vart særleg begeistra for dette innpåslitne byggjeprosjektet (Dei hadde jo ikkje ein gong søkt om kommunalt byggjeløyve, må vite!!), så eg tok stigen fatt, fast bestemt på å riva vekk heile greia. Det var då augnebryna mine for opp imot hårluggen; for dei ivrige byggmeistrane hadde funne seg rustfritt, solid byggjemateriale frå epletrea til naboen!! Eit par hundre lettmetall-strenger, som bøndene brukar til å tvinga greinene ned i ein bestemt posisjon, hadde dei på finurleg vis samla ihop og festa på sirleg vis innimellom kvasse tornar og greiner! Norges mest solide skjorereir, spør du meg!

0 Comments:
Post a Comment
<< Home